Laster Arrangementer

Vi ønska ein kreativ laurdag 5.april, men den dagen skjer det mykje anna, så nå legg vi opp til ein kreativ ettermiddag med dans i staden. Vi håper å lære ein heil dans på denne ettermiddagen om vi får det til.

Først blir det ei danseøkt/ teikning

Så blir det fort gjort pizza

Danseøkt/ teikning

Pause med frukt og nøtter

Danseøkt – gjennomkøyring oppe – Teikning nede

Planen er å øve på ein dans nokon av borna har vore borti før. Den heiter Hope – Vi håper vi blir så trygge at vi kan framføre dansen på  gudstenesta på sundagen, men det får vi sjå. All undervisninga ligg på youtube, så ein kan øve litt ekstra heime og så blir det oppmøte kl.10.00 på sundagen.

Vi håper fleire av deltakarane kan blir med å danse på gudstenesta sundag 6.april kl.11.00, men kom gjerne på onsdagen sjølv om du ikkje kan med på sundag.

 

 

 

Share This Post, Choose Your Platform!