Laster Arrangementer

Vi inviterer alle som har døypt borna sine hos oss, eller som er knytta til oss gjennom medlemskap med stemmerett og har born som bur heime til middag.

Tradisjonen tru blir det Nachos-suppe og is til dessert.

Som vi skreiv i årsmeldinga ønsker vi å legge opp til samtalar dette året der vi drøftar kva vi som kyrkjelyd bør prioritere framover og kva vi må kutte ut. Har nokon av foreldra ønsker eller tankar om dette eller inspel på kva ein kan bidra med er det topp.

Dersom nokon av dei største borna bare vil innom og eter er det heilt greit og så vil nokon vaksne sjå etter dei borna som blir igjen frå 17.00-17.30, så foreldra kan få tid til å prate litt.

Dersom vêrmeldinga held seg satsar vi på bogeskyting ute og legobygging eller liknande inne.

Påmelding til meg på sms; 93468174 i løpet av sundagen.

Velkommen!

Share This Post, Choose Your Platform!