Då går vi inn i ein ny haust i ei tid som er ganske annleis enn vi er vande med.

Eg håper vi tar med oss tankar og erfaringar frå vår og sommar inn i dagane som kjem. Eg håper vi lettare ringer kvarandre for ein prat og for å høyre korleis det går. Eg håper savnet etter fellesskap vil prege tankane våre og prioriteringa rundt fellesskapa vi har. At eigne erfaringar av å vere åleine vil føre til at vi blir endå meir opptatt av å inkludere og å invitere med. Eg håper og vi har roa ned og fått kjenne på å vere Guds born, å sitte på hans fang å bare vere til, utan å måtte gjere så masse. At den store sanninga, at han er den same uavhengig av vår innsats, har fått synke ned i oss.

I denne tida har vi måtte tenkje annerledes. Vi har blitt pressa ut på nettet og på den måten har andre enn dei faste kyrkjegåarane fått sjans til å møte oss og høyre bodskapet om Gud. Vi har brukt naturen og dei vakre uteområda våre både til vandring, samtale,  meditasjon og gudstenestefeiring. Gud kan tale gjennom sitt skaperverk. Pastoren fekk også sjans til å jobbe kreativt og meir kunstnarisk fram mot Jona-forestillinga i Juli og kunst kan tale til mange av oss på eit anna vis. Denne tida har kanskje  gitt større variasjon i trusspråka vi som kyrkjelyd har nytta oss av og kanskje har nokon av oss opplevd å møte Gud og Guds ord på ein ny måte. Det er kjempespennande sidan vi trur på ein Gud som kan gi vekst og fornying på ulikt vis.

Men eg savner vanlege gudstenester i eige kyrkjebygg og fellesskap med kyrkjelyden slik vi har vore vande med, så sjølv om vi tar med oss mange viktige lærdommar er eg glad for at vi nå opnar opp for gudstenester inne, sjølv om vi prøver å ha samlingar ute dersom det er mogleg. Vi vil og fortsette å forholde oss til gjeldande smittevernsreglar.

Noko av det som har vore vansklegast er å nå borna og dei unge i denne tida. Vi har hatt møte i FriBU og vi starter opp igjen som smått.

Speidaraktivitet har oppstart 7.sep. Desse samlingane er for born frå 4.kl-7.kl. Alle samlingar er ute. Ta kontakt med Tori: 90575537 dersom du vil ha informasjon.

Kveldskafè starter opp med ei utesamling 10,sep kl.19.00. Kveldskafe er for ungdomsskulen

Sundagsskule og Tårnagentar starter opp 13.sep kl.11.00. Tårnagentar har samlinga si på småskulen og er for 1.kl-4.kl Sundagsskulen møtast i peisestoge. Borna kjem i fylgje med ein vaksen og har inngang nede.

Kveldssafari 24.okt: Dette håper vi blir ein stor happening i haust. Her vil små og store ha sjans til å gå ei løype i skogen der dei vil møte ulike skodespelarar som saman fortel ei historie. Dette vil bli både spennande, lærerikt og gøy trur vi. Fran mot dette vil vi samle SLUSH-leiarar og ungdosmsleiarar klassevis for å øve og for å halde litt kontakt.

Følg med på heimesida for meir info.

 

Alle må vere med å bidra om samlingane i Treungen frikyrkje skal bli trygge og det viktigaste er:
1: Sjuke personar skal ikkje delta på kyrkjelege arrangement.
2: Alle må utøve god hygiene.
3. Alle må halde god avstand og det skal vere minst mogleg kontakt mellom personar.
4.Alle prøver å unngå unødvendig bruk og berøring av inventar og utstyr.
Både deltakarar og bidragsytarar skal ha låg terskel for å ikkje delta dersom dei er sjuke, har symptomer på luftvegsinfeksjonar(også milde) eller dersom dei er i karantene.
Vi håper alle har forståing dersom programmet på samlinga blir påverka av at nokon plutseleg må melde fråfall.

Det kan og hende vi må tenkje alternativ gjennomføring. Følg med på denne sida for oppdatert info.