Sentrale styresmakter har forlenga «unntakstilstanden» til 13. april. og det blir ikkje aktivitetar i Frikyrkja før tidlegast etter påske. Vi har og vedteke å utsette konfirmasjonen vår til hausten.
Det er spesielle tider, fulle av frykt for det ukjende og spørsmål det verkar som ingen har svar på. Eg synes det har vore godt å lese Jesaja denne fastetida. I dag las eg frå kap. 54.11 ”For om fjella vik og haugane vaklar, skal min godleik aldri vika frå deg, mi fredspakt skal ikkje vakla, seier Herren som viser deg miskunn.” Det er Gud som er vårt faste haldepunkt – og Han står fast!